Tirsdag 9. oktober 2018 kl. 19.00 i Stovner kirke
Menneske og medmenneske.
Religion og menneskesyn hos Olav Duun
Duuns bruk av religionsmotivet illustrerer særmerkte aspekt ved framstillinga av mennesket hos denne forfattaren. Element frå dei religiøse praksis- og idétradisjonane som forma han, viser korleis mennesket lever i spennet mellom eit statisk og dynamisk livsprinsipp. Samtidig bruker han sentrale motiv frå Bibelen som allusjonsbakgrunn og strukturerande ramme for å illustrere og stadfeste den dynamiske intensjonen i menneskesynet sitt.
Møt
Einar Vannebo
Kaffepause med samtale. Liturgisk avslutning
Einar Vannebo har disputert på ei avhandling om religionsmotivet i Duuns dikting. Han har i mange år arbeidd på Universitetet i Oslo, men er no sokneprest i Våler i Solør.