Klikk her for å se annonseringen av dette møtet, med informasjon om tema og foredragsholder.
Hvordan oversette Bibelen?
Etter velkomstord og introduksjon ved Jon Gunnar Jørgensen tok kveldens gjest, Kjell Arild Pollestad oss med inn i bibelomsetjarens verkstad og dei spørsmåla som reiser seg i møte med Bibelen og omsetjingar av denne gjennom tidene. Bibelen er ein hjørnestein for alle kristne og for kyrkjene. For å tileigne oss tekstane, treng vi gode omsettingar. Men kva er ei god omsetting – i dag, eller for femti, hundre eller tusen år sidan? Skal omsettinga ta grunnteksten reint bokstavleg, eller skal den ta omsyn til skiftande kulturelle straumdrag? Bør den gje att teksten ord for ord, eller er det betre å gje att innhaldet friare, meining for meining?
Pollestad opna med at bibelen framleis er verdas mest selde bok. Slik har det vore i år og dage, med unntak av 2007. Då selde Harry Potter meir enn bibelen. Men det vart med det eine året. Verda over vert det dagleg selt 80 000 biblar.
Bibelen er ei samling av fleire bøker og ulike litterære sjangrar. Det gamle testamentet, GT, er jødanes bibel, opphaveleg skrive på hebraisk. Det nye testamentet, NT, eit kristent tillegg, opphaveleg skrive på gresk. På Jesu tid var det gamle hebraiske språket nærmast dødt i Galilea, og Jesus sjølv snakka arameisk. Bibelen, både GT og NT, har til alle tider blitt omsett, granska og diskutert.
Kvifor treng vi endå ei ny bibelomsetting? På det spørsmålet svara Kjell Arild Pollestad at kunstnaren sluttar ikkje å måle havet sjølv om det er måla tidlegare.
Den norske bibelomsettinga av 1930, kyrkjebibelen, var ei omsetting som fekk høg prestisje. Den var ikkje omsett direkte frå grunnspråka, men frå seinare omsettingar av desse. Omsettinga brukte arkaiske former som I og Eder, og eit konkordant språk der idealet var å omsette ord for ord. Omsettinga skulle ligge nærast mogleg grunnspråka. Bibelen i 1930-omsettinga fekk stor innverknad på det norske språket, ja, den kom til å endre og nyansere det. Bibelspråket frå 1930 hadde også ei poetiske side som seinare omsettingar har tapt.
Den neste norske bibelomsettinga kom i1978. Den er prega av impulsar frå amerikanske bibelforskarar, noko som innebar å omsette meining, ikkje ord for ord. Det kom ein del kritikk mot dette prinsippet, mellom anna frå teologen Carl Fredrik Wisløff. Omgrepet «ett kjød» forsvann, likeså meiningsinnhaldet i setningen «De to skal være ett kjød». I 1978-omsettinga heitte det at «De to skal vare ett». Pollestad forklarte at «Ett kjød» på grunnteksten er eit erotisk verb: Mannens skal forlate mor og far og henge saman med kvinna si kvinne. Med andre ord, dei to skal vere eitt kjøt. I 2011-omsettinga er «eitt kjød» tilbake, men nå som «ein kropp».
Den nyaste bibelomsettinga, frå 2024, er ei revidert utgåve av 2011-bibelen. Eitt av spørsmåla som har blitt reist ved denne, er kor vidt Paulus skulle kallast «Guds slave» eller «Guds tenar». Kjell Aril Pollestd meinte at det beste norske ordet ville vere «trell».
Kva har så vore formålet med Pollestads bibeloversetting? Kjell Arild Pollestad samanfatta det slik: Formålet har vore «å gjenreise det norske bibelspråket – så ordrett som mulig, og samtidig få fram poesien i bibelspråket».
Det vart eit stort arbeid tok fem år, og Pollestad fortalte at isolasjonen under pandemien faktisk vart ei god hjelp. Pollestad omsetting er meir ordknapp enn 2011-omsettinga og gav nokre døme på dette. Pollestad har lagt stor vekt på å få fram eit godt poetisk språk. Det skal vere forståeleg, og samstundes skal det vidareføre stilnivået til dei opphavelege tekstane. Pollestad har ønskt å få fram det vakre og suggererande i språket, atmosfære i tekstane og det rytmiske. Han har omgitt seg med biblar på 15 ulike språk og hatt stor nytte av nygreske omsettingar. Forholdet mellom nygresk og gammalgresk kan samanliknast med forholdet mellom norsk og norrønt.
Pollestad ga ein del døme på kontrastane mellom hans poetiske bibelskspråk og 2011-utgåva av Bibelen, og han trekte inn poesien i språket til Isak Sellanrå i Markens grøde av Knut Hamsum. Det mest poesidrepande er å forklare i staden for å halde seg til det teksten faktisk seier, ord for ord, sa Pollestad. Poesien ligg også i å seie det enkelt. Han ga også nokre døme på ord og uttrykk som er støytande for moderne menneske, men som likefullt er ein del av bibelspråket. Dessutan peikte han på kjønnsperspektivet i tekstane, og at den norske 2011-omsettinga usynleggjer kjønn. Til dømes bruker Bibelselskapet gjerne barn i staden for det som eigentleg står, søner. Pollestad meiner at det mannlege vert borte i nyare bibelomsetting. Mannens sera (sperm, sæd) vert omsett med ætt eller slekt. Det bibeltekstlege opphavet seier ikkje at menn får barn, men at menn avlar barn.
Eit særtrekk ved den bibelske poesien er tankerimet, der to setningar med same meining heng saman, men vert sagt på ulike måtar. God rytme ein føresetnad for ei god omsetting av Salmane. Det må vere ein viss harmoni mellom trykklette og trykktunge stavingar, og språket må vere songbart og melodisk. Alle Kjell Arild Pollestad sine salmeomsettingar skal kunne syngast.
Pollestad har nytta seg av nokre fotnoter der direkte omsetting ikkje gjer meining. Det gjeld spesielt med omsyn til bibelske kraftuttrykk. Når det står «veggpissar» i grunnteksten, har Pollestad heller nytta ordet «mannfolk».
Det er ofte spørsmål om bibelen skal modererast. Pollestad er kritiske til dette. Både GT og NT speglar eit patriarkalsk samfunn der mannen er kvinnas herskar og overhovud. Det skal vi ikkje tilsløre, sjølv om det ikkje er gangbart i dag. Pollestad peikte på kjønnspolitiske justeringar ned likestilling som ideal, og på bruken av kjønnsnøytralt språk. Noko av krafta i tekstane går tapt, meinte Pollestad.
Noko det vanskelegaste å omsette var Fadervår. Herrens bøn inneheld nokre grammatiske former som ikkje let seg omsette, t.d. konjunktiv: Komme ditt rike, skje din vilje. I dagligtale nyttar vi kognitiv når vi seier «Fanden ta deg». Kjell Arild har halde fast ved konjunktiv. «Helliget vorde» er ei død språkform. Her har Pollestad brukt «helliget være».
Pollestad har ofte fått spørsmål om kva for hermeneutiske vurderingar han har gjort i oversettingsarbeidet. «Ingen», svara Pollestad. Han har gått til oversettingsarbeidet som forfattar og språkmenneske, ikkje som hermeneutikar og teolog. «Ta det som står og uttrykk det på et så vakkert språk som mulig», har vore Pollestads einaste prinsipp.
Til stades: 33