Tirsdag 31. januar 2023: Berge Furre – Eit liv i rørsle

Tirsdag 31. januar 2023 kl. 19.00 i Ellingsrud kirke

Berge Furre – Eit liv i rørsle.

«Høvding» og «bauta» blei Berge Furra kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattende arkivet hans blei opna for Arnhild Skre, såg ho at dette bildet måtte brytast opp.
Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Furres liv, og Skre gir oss eit blikk på eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske.

Møt
Arnhild Skre

Arnhild Skre er journalist og forfattar, har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar. I 2011 fekk ho Brageprisen for biografien om Hulda Garborg.

Kaffepause med samtale. Liturgisk avslutning.