Tirsdag 26. mars 2019: Jesus frå Jæren

Tirsdag 26. mars 2019 kl. 19.00 i Stovner kirke

Jesus frå Jæren

Arne Garborg er eitt av dei største namna i norsk litteratur. Gar-borg kalla den fyrste romanen sin Ein Fritenkjar, og spørsmål om tru og tvil ligg under heile forfattarskapen hans. I 1906 gav Garborg ut boka Jesus Messias. Her prøver han å forstå Bibelen utan å la seg leia av dei teologiske autoritetane.

Møt
Gudleiv Bø

Kaffepause med samtale. Liturgisk avslutning

Gudleiv Bø er professor emeritus i nordisk litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Forskinga hans spenner svært vidt, frå populærkultur og vekeblad gjennom folkedikting til Ibsen, Wergeland og andre. I dei seinare åra har han arbeidd my-kje med Arne Garborg og har gjeve ut ei bok om Haugtussa og no sist Jesus frå Jæren om Garborgs kristentru.